Klikk her for å se stort bilde (W.974)  X  (H.500) .
 
 
På veg til Torgdagen 2010 Foto: Atle Markeng
 
Velkommen til heimesida for Øygardsbåtane AS og M/S Vestgar
 
Øygardsbåtane AS har sommaren 2007 kjøpt M/S FREDSBUDET frå Pinsemenigheten i Oslo.  Formålet er å setja fartøyet i stand igjen som M/S VESTGAR, som eit veteranskip for Sotra og Øygardsområdet.  M/S VESTGAR var i si tid flaggskipet til Øygardsbåtane L/L. 
 
No ligg fartøyet ved Solsvik kai på Sotra, og restaureringsarbeidet pågår for fullt.  Har du lyst å vera med på dugnad, bli støttemedlem i Vestgar`s vener, så berre ta kontakt.  Har du idear og tips til oss, så kom gjerne ned på Solsvik kai og ta ein båtprat.  Vi er her stort sett om kveldane, og om laurdagane.  Den første laurdagen i kvar månad har vi i tillegg open båt og sosialt samvær ombord.
 
Når båten er operativ igjen, vil vi arrangera eigne turar for våre støttespelarar.
 
Vi er svært takksam dersom det er nokon som har gamle bilete, ruter, og andre gamle ting å låna oss, frå Vestgar og Øygardsbåtane sine glansdagar i Sotra og Øygardsområdet.